Julesongar året rundt
Høyrer du med til dei som gjerne kunne syngje julesongar heile året? Her finn du meg. Då eg var dirigent for Songlaget, hadde eg julesongane framme frå tidleg på hausten. Det murra nok litt hos medlemmene…. ‘me kan no dei frå før, folk vil helst høyre dei same gamle….’ Det hører med til ei anna historie korleis bassen og eg kom fram til semje…..
‘Det lyser i stille grender’ kom ut i 1931 i juleheftet ‘Jul i Sunnfjord’. Først i 1948 blei Jakob Sande sitt dikt levandegjort ved tonesetjinga til Lars Søraas. Eg hugsar far eller ‘Læraren’ lærde oss songen i skulen, og det var den første songen eg lærde meg andrestemme til. Songen har fylgt med meg frå min barndoms grend, Stavn i Flå. Nord i grenda låg den gamle garden Hefta, innunder grankledde høge nut.
Songen frå vest og akvarellen frå garden i aust smeltar saman til eitt av mine kjæraste julekort.
Med fred
frå fjell
og stille skogar
kling juletonar
ved vintertid….