Kling no, klokka
Det er tredje adventssøndag, klokka er halv seks og eg er på kyrkjeveg. Kring fjorden. Esefjorden. Vakker som få, omkransa av daler og lier, høgreiste fjell og farlege sva. Inne i fjordbotnen, går fjella halvannan kilometer opp mot himmelen… Ved elveleiet plukkar vi kvitveis og gulveis og bekkeblom når vi kjem heim frå konfirmantgudsteneste i mai. Sommarstid finn vi orkideen Flekkmarihand ved strandkanten. Går vi heilt ned til vatnet og og lyfter augo opp mot himmelen, finn vi oss i age for høgdene og i ei kjensle av å vere langt frå verda…
No spriker trea med nakne greiner, naturen ventar i sitrande spenning på snøkåpa… eitt og anna fjom i lufta. Vakker kyrkjeveg… men hei! her heldt eg jammen på å ta ein svingom midt i vegen…. Hald augo på vegen, jente, her er glatt!
Tjugum kyrkje skin i alle lysekroner. Oppunder kvelvingen samlar dei seg, juletonane.
Med eitt er eg i barndommens kyrkje i Flå, der ho Brita Bjørnetun Jorde fekk kyrkja til å juble i orgelbrus. Ho hadde ei underleg dialekt, den første sogningen eg lærte å kjenne, men vi tilgav henne talemåten, for ho var også slik ei grepa håndgjerningslærerinne! Ho hadde ei høg stjerne hos meg…. Taket var fullt av roser og stjerner, fint for ei lita jente å studere medan presten var på stolen…Vi hadde fast plass på fjerde rekkje, like ved den runde rødglødande vedomnen. Det knitra så vakkert, og eg kunne såvidt skimte elden kring den gisne omnsdøra…
Tilbake under høge fjell
kring nattstille djupe fjord
snøkrystallar dansar og glitrar
….. julebod
med himmelsk ljod….