Stikkordarkiv: Pilegrimsvandring Balestrand

29. juli 2014 …!

Velkomen til Balestrand!

Det er ei stor glede å ønske velkomen til den første pilegrimsvandringa i Balestrand. Ideen blei fødd 12 år tilbake i tid, så han er snart tenåring. På tide å sende han ut i verda! Blir du med? Fattar du interesse, sett av datoen i agendaen din! Så får du følgje med på ‘Pilegrimsnytt’ og få meir oppdatering og detaljinformasjon i næraste framtid. Mange brikker skal falle på plass og vi er i rute!
Kven er ein pilegrimsvandrar?… Ser ein stort på det; alle er pilegrimar…livet er ei pilegrimsvandring… Alle har vi ein gong i livet behov for å stoppe opp..ein dag eller to… ei veke eller fire… og gå inn i det stille rommet. Eitt slikt stille rom er naturen. Vår pilegrimssti ligg i ein heilt spesiell natur. Vi legg inn oasar i oasen, slik at sinnet, sjelen og kroppen skal få påfyll! Alt etter kva du treng….

Lille bekkenNaturmedisin
Naturen ligg der
ventar på deg
til du oppdagar han
Han kjem deg i møte
med alle sine dufter og syner
Naturen kjem med ro til tanken
harmoni til sinnet
Det er sælebot i kvart eit syn
lindring i kvar ei luftning
Er det dette ein kallar naturmedisin?
…………..
…….

:

[box type=»info» style=»rounded» border=»full»]Pilegrim. Ordet kjem av ordet peregrino som kan omsetjast med ‘å vere i framant land, vere audmjukt vandrande, å vandring med opne sansar, utan forutinntatte haldningar’… Du skal kanhende møte nokon…kanhende møte deg sjølv på ein ny måte.[/box]

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Ord til pilegrimen
Dra ut!
Du ble født til vandring.
dra ut!
Det er noen du skal møte.
Hvor? Hvem?
Du vet det ikke enda –
kanskje deg selv?

Dra ut!
Dine skritt vil være dine ord –
veien din sang,
trettheten dine bønner –
og til slutt – når det hele er forbi
vil din indre stillhet snakke til deg.

Dra ut!
Alene eller sammen med andre –
men kom ut av deg selv!
Du hadde rivaler –
du vil finne venner og ledsagere.
Du møtte fiender –
du vil finne brødre og søstre.

Dra ut!
Hodet ditt vet ikke
hvor føttene leder ditt hjerte.

Dra ut!
Du ble født til veien –
pilegrimens vei.
Noen skal komme og møte deg –
søker deg
slik at du kan finne Ham i alt hellig
ved slutten av veien –
i dypet av ditt hjerte.
Han er din fred!
Han er din glede!

Gå!
Gud vandrer allerede
sammen med deg.

Anonym
Oversatt av Gunnar SIqveland[/toggle]

Det lysnet i skogen….

‘Godt og tenleg vèr’

Slik las klokkaren i inngangsbøna til høgmesse annakvar søndag i min barndoms kyrkje i Flå. No har vi hatt godt og tenleg vèr for gutane som jobbar med å rydde skog. Det ser litt drastisk ut på bildet ovanfor. Ta det heilt med ro, Ingvar skal ikkje gå laus på ei einaste av dei store vakre eiketrea i Målsnesskogen. Han skal ta så lite som mogleg! Men det er viktig å få ein god trasé, at stien vert god å trø, så nokre tre står bokstaveleg talt i vegen. Men tre står att …mest som ein allé vert det. Høge slanke furutre i god blanding med småvokste lauvtre og meir eller mindre søyleforma einerbusk. ..innimellom finn vi orekratt med klunger….bjørnebærhallingar fulle av renningar som klorer seg fast i deg… Her må ryddast.. ..Fuglar syter for sang til pilegrimsvandringa, mosekledd mark under høge slanke furustammer gjev ein god klangbotn.

20131027_121856
Verdfull

Du
fyller ein plass
berre du kan fylle
Vi
har alle
våre plassar
i det store
rommet
Det
gjer godt
å vite

 

[box type=»info» style=»rounded» border=»full»]Eik i kulturhistorien[rediger | rediger kilde] Mektige eiketrær har hatt en sentral plass i menneskenes kultur og religion i flere tusen år. Guden Zevs ble dyrket som eikegud i Dodona i det gamle Hellas, der treet særlig ble forbundet med lyn og torden. Også Litauen hadde sin tordengud knyttet til eikelunder. Treet var ellers hellig både i Italia, blant keltere og germanere. Fremdeles signaliserer tunge eikemøbler makt og tradisjon, mens eikeløv brukes som symbol på styrke og utholdenhet, blant annet på medaljer og militære gradtegn. Eik er dessuten nasjonaltre i Tyskland, Storbritannia og USA. Flere steder i verden er det spesielle eiketrær som har fått egne navn.Eik i kulturhistorien[rediger | rediger kilde] Mektige eiketrær har hatt en sentral plass i menneskenes kultur og religion i flere tusen år. Guden Zevs ble dyrket som eikegud i Dodona i det gamle Hellas, der treet særlig ble forbundet med lyn og torden. Også Litauen hadde sin tordengud knyttet til eikelunder. Treet var ellers hellig både i Italia, blant keltere og germanere. Fremdeles signaliserer tunge eikemøbler makt og tradisjon, mens eikeløv brukes som symbol på styrke og utholdenhet, blant annet på medaljer og militære gradtegn. Eik er dessuten nasjonaltre i Tyskland, Storbritannia og USA. Flere steder i verden er det spesielle eiketrær som har fått egne navn.

http://no.wikipedia.org/wiki/Eikeslekten[/box]

 

 

Det er så mange hendingar i bygdom komne til……..

Tusenårseika ved Pilegrimsstien

Dei ‘store’ pilegrimsmåla, slik som Mekka, Jesusalem, Santiago de Compostela, Cavadonga, Iona….har mykje til felles når det gjeld sjølve vandringsleia… det finnst skulpturar, kross eller andre ‘merke’ langs vegen. Pilegrimsleden frå Balestrand sentrum til Kvamsøy har ein særmerkt naturleg skulptur: Målsneseika. Ho er unik, ho er eitt an dei eldste trea i Noreg!

‘Treet på haugen’ har ein særeigen dåm over seg. Dette treet var planta eller sådde seg sjølv   f ø r   Noreg var samla til eitt rike! Eika har vore vitne til mang ‘ein trufast træl’… har sett ferdafolk frå framande land fare forbi utpå fjorden. Kong Sigurd stemna inn og kanhende kasta han eit blikk på den unge eika og bad gjerne ei bøn for folket sitt og landet…. Ho har fått med seg dei fleste ‘hendingar i bygdom komne til’… har sett merkesteinar verte sett i jorda, ungar har leika rundt stomnen og klatra i greinene…. kruna har gjeve  livd til utegåande sauer og mang ein trøytt arbeidskar har sett seg ned eit bel og kvilt ryggen sin mot den trauste stomnen… sjølv om ‘vinden tok om toppane’ og mangt eit stormkast har prøvd krefter mot treet… Tusenårseika på Målsnes står!

20131027_131837‘Å forvalte sitt pund’ er eit gammalt uttrykk som enkelt froklart er å bruke sine talent eller eigneluter på rett vis. Her ser vi døme på dette  rett framfor augene våre. I arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand har vi opplevd at grunneigarar velvillig ‘deler’ naturperler med oss alle. Vi opplevde det på Kvamsøyna, slik eg i ein tidlegare blogg har fortalt om. No opplever vi det med grunneigarar langs pilegrimsleia; dei ser verdien det vil få for bygda….samfunnet i vidare forstand….dei har auge for at ved å bidra… og dra i flokk, kan ‘storverk bli fødd’… i moderne språkdrakt: det er ein ‘vinn-vinn’ situasjon….
Så lagar Jørgen og hans menn ein fin port i gjertdet frå utmarka.. og ein sti vil føre vandraren ned til ei stille stund på haugen…og kanhende vil han finne att noko av meininga med at han er her nett no… Under den ærverdige eika… og går han inn i treet, kan han tilogmed oppleve å sjå himmelen…

 

Ein stor dag!

4. februar 2014 er ein spesiell dag!

Å lage ein pilegrimsveg… det er stort, det! Vi har mange startdagar i dette prosjektet vårt. I dag er starten for preparering av ein ny parsell av leden…. den som leier til den riktig gamle bygdevegen ut mot Kvamsøy… den som allereie ligg der, klar til å vandre på. Trekløveret Jørgen Hundseth, Ingvar Åberge og Arthur Adamson var uti marka for nokre dagar sidan for å merke traseen. Idag er dei to sistnemde i gang med rydding. Stien skal liggje fin og godt  i terrenget og han skal vere god å gå på. Små justeringar… nokre steinar er gode å trø på, medan andre må ein snu litt på eller flytte  vekk. Minst mogleg inngrep i den vakre skogsnaturen… 
Skogen er full av tre, alle er vakre og nokre er heilt spesielle… dei plukkar vi ut til ‘Merketre’ og lagar ein liten soppestad…med ein kvilebenk kanhende… Eit av dei mest særmerkte trea er Tusenårseika. Den vil eg skrive ein eigen blogg om seinare…. Dette vesle innlegget er mest for å fortelje at vi er godt i gang… mykje arbeid står att, men jammen har vi lagt mykje bak oss, også….

 

20140204_101357Mjuke tonar
møter deg
i morgondoggen
Grip ein strofe
og ta han med deg
på vandringa
ut i dagen

 

 

[box type=»note» style=»rounded» border=»full»]Pilegrimsled er ein turveg, sti eller veg som fører fram til eit mål av spesiell religiøs/ kristen karakter. Hos oss i ‘Pilegrimsvandring Balestrand’ er Kvamsøya og kyrkja og Børtreet eitt av måla. Sjå elles linken: http://no.wikipedia.org/wiki/Pilegrimsleden[/box]