Og stien blir lengre og lengre….
Det er våronn-tider… Det er vårvon!
Brikker fell på plass, ei etter ei. Vi har hatt ein god vinter …. got og tenleg vèr, som det står om i den gamle kyrkjebøna… Lite snø har hjeplt oss til å vere i forkant av skjemaet…
I går fekk eg slik ein hyggeleg mail frå Jørgen:
«Hei, har hatt ein skuleklasse (Idrettslina Sygna) i starten på stien. Så no er det ok under sagtomta.»
Det er jo veldig viktig med ein god start. Eg hugsar stilskriving på skulen; innleiinga var ofte det siste vi skreiv.
Nett slik med Pilegrimsleden også. Steg for steg, meter for meter har vi jobba oss utover. Og no er altså starten også rydda og gjort klar for storinnrykk til sommaren… Eg har hørt gjete at nokon allereie har prøvegått stien!!
Vi ropar Hurra! – om det ikkje er 17. mai enno – og seier hjarteleg takk til dyktige og arbeidsviljuge Sygnaelevar for vel utført arbeid. Dei tar gjerne ei økt til….
For dei som gjerne vil ha detalinformasjon om Olsokvandringa: Opne desse Pilegrimsnytt- bloggane:
Link til: http://www.detgylnehus.no/pilegrimsvandring-balestrand-2014-pamelding/
Link til: http://www.detgylnehus.no/29-juli-2014/
Elles ligg dei på rekke og rad, små historiske ‘øyeblikk’ av arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand
..og ynskjer du meir informasjon, er det bare å ringe: 915 62 842