Det er noko spesielt med bruer og grinder….
Vidare går arbeidet.. no vil Jørgen og hans menn snart begynne arbeidet med ei god grind frå utmarka til området ned på bøen, nærare gardshusa… og i tillegg stien som som vil føre pilegrimen til den vakre plassen der Tusenårseika står….. Her er det lett å føle samband med fortida… og framtida kan reflektersat over…i stillheit og ro…. Det er óg naturleg å lytte til sjelen si stemme…..I refleksjon og meditasjon er det kanhende ein finn noko av meininga med at vi er her…nett no… Under den ærverdige eika… Og går ein inn i treet, kan ein tilogmed oppleve å sjå himmelen…
Over bruer
og gjennom grinder
i ukjend land
det krevs manns mot
og kvinnes styrke
for å våge seg utpå
og gjennom
men ein må
over og gjennom
for å nå
morgonlandet
…..
:::::