Første desember….
Frå eg var liten hadde det ein eigen klang: Julemånaden!
Her i dag er det ikkje mykje som minner om
desember med barndommens ingrediensar:
kvite enger, islagt vatn og snøkledd granskog.
Skodda ligg tungt nedpå fjellsidene,
sluddbyger og innimellom våte snøflukser
som går over i store våte dropar fyllte med kaldt vatn.
Herleg!
Du ser så langt i skodda.
Fjella stenger ikkje
vi kan sjå forbi alt som tyngjer
og over i alt som gir glede
Sola sine varme stråler
frå i sommar
treffer oss som
rensande regndropar i ansiktet
Du kor vakker skodda er