Brøyte seg rydning i svarteste skog…
Fekk så lyst til å sitere Ibsen frå Peer Gynt: «Gå utenom!», sa Bøygen…nei då, dei går ikkje utanom, Ingvar og Arthur! Parhestane har vore ute i 4 dagar og gjer vei i vellinga. Fotoet ovanfor er frå tidlegare i går, der du får ein ide av korleis det ser ut f ø r dei gjekk laus med motorsag og machete. Og rydding….Det verkar så enkelt… men å finne den rette veg, er ikkje alltid like enkelt. Ein kan bli modlaus somme tider og stader. Arthur kjem heim etter endt arbeidsdag med mangen ein kommentar om ‘skulle ikkje tru det var så tungt!’…. ‘
Tell dine gleder
heller enn dine
bekymringar
Dei ligg ope
synleg i dagen
rett framfor føtene
stenger for utsynet
Gledene
ligg gøymt
bak villnisset