Det lir mot natt.
lys etter lys blir sløkt
snart søv ho
bygda
Men kvart eit hus har fått ei lysande stjerne
over taket
nett som i julesongen
….ei god natt treng dei
etter all dont i dagen
før viktige tak i morgon
nokre himmel-
stormande
og nokre ganske
jordnære
Alle like viktige i det store biletet