Julebrevet…
Eg vaks opp med ‘Posten’. Den raude postkassen heng på veggen rett bakom meg. Stavn Poståpneri var i huset eg budde i. Far var lærar og poståpner. I skuletida var det mamma som var poståpnerske. Vi gjekk annakvar dag på skule og på fridagen hende det eg fekk vere med å sortere post og skrive inn inkassasjonar! … med blåpapir for dublikat! Eg elska å sortere juleposten. Brev var kjedeleg, mykje kjekkare med kort, dei hadde så mange koselege bilde. Eg trur mitt kjærleiksforhold til kort kjem frå min spede barndom. Eg bladde mykje i julekortbunken julaftan. Vi spelte kort med julekort; noko i likheit med Vriåtter. Kortstokk var bannlyst, men julekort var heilt greitt…. tilogmed bibelsk!