[typography font=»Quattrocento Sans» size=»1.1″ size_format=»em» color=»#4A4A4A»]‘Pilgrim’ var staden for ein god middag. Frå no av har vi spesialtilbud . Følg Artur si nye heimeside: www.artadamson.com [/typography]
[typography font=»Quattrocento Sans» size=»1.3″ size_format=»em» color=»#4A4A4A»]Pilgrim er historie[/typography]
[typography font=»Quattrocento Sans» size=»1.1″ size_format=»em» color=»#4A4A4A»]
Vi må skuffe alle våre spisegjester: Pilgrim er no historie. Det gylne hus har vi no gjort om til eit hus for kunst og kunstrelaterte tilbod.
Til våre tidlegare gjester vil vi seie:
Tusen takk for at de har valt å kome til oss! Vi har sett pris på alle kvelder med god stemning, med fornøgde gjester og mang ein god prat. Ting endrar seg etter kvart som åra går. Vi såg no at tida var mogen for å konsentrere oss heilt og fullt om kunsten vår.
Vi var kjende for den enkle, men velsmakande, heimelaga maten vår. Sognefjorden fiskesuppe eller Arthurs Trollsuppe som forrett, og gjerne ei kake rett frå steikeomnen gav ein perfekt avrunding av måltidet. I hovudrettane nytta vi gode gamle oppskrifter frå mors kjøken, vidareutvikla med Arthurs kreative vri.
Krystalldomen heilt til topps på huset er framleis open. Vi tilbyr vandring gjennom heile huset, etter avtale. Om de ønsker å ta turen utan guide, er de velkomne til det. Vi driv huset utan offentleg stønad, så du er fri til å gje ein donasjon til drifta.
[/typography]