Fire komma fire kilometrer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka…. Han er rydda og jamna. Tre som stod i vegen, er saga ned. Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn. Stien er merka. Du kan gå på han! Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!
Tysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring.Dei som vil slå seg saman med oss,er hjarteleg velkomne!Viss du tar kontakt på førehand,vil vi organisere skyssattende til Kallestadeller Balestrand.
Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.
Det er våronn-tider… Det er vårvon! Brikker fell på plass, ei etter ei. Vi har hatt ein god vinter …. got og tenleg vèr, som det står om i den gamle kyrkjebøna… Lite snø har hjeplt oss til å vere i forkant av skjemaet…
I går fekk eg slik ein hyggeleg mail frå Jørgen: «Hei, har hatt ein skuleklasse (Idrettslina Sygna) i starten på stien. Så no er det ok under sagtomta.» Det er jo veldig viktig med ein god start. Eg hugsar stilskriving på skulen; innleiinga var ofte det siste vi skreiv. Nett slik med Pilegrimsleden også. Steg for steg, meter for meter har vi jobba oss utover. Og no er altså starten også rydda og gjort klar for storinnrykk til sommaren… Eg har hørt gjete at nokon allereie har prøvegått stien!! Vi ropar Hurra! – om det ikkje er 17. mai enno – og seier hjarteleg takk til dyktige og arbeidsviljuge Sygnaelevar for vel utført arbeid. Dei tar gjerne ei økt til….
For dei som gjerne vil ha detalinformasjon om Olsokvandringa: Opne desse Pilegrimsnytt- bloggane: Link til:http://www.detgylnehus.no/pilegrimsvandring-balestrand-2014-pamelding/ Link til: http://www.detgylnehus.no/29-juli-2014/
Elles ligg dei på rekke og rad, små historiske ‘øyeblikk’ av arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand ..og ynskjer du meir informasjon, er det bare å ringe: 915 62 842
Gamlevegen har 125-årsjubileum i Jubileumsåret for Grunnloven!
Ja, det er faktisk sensajonelt sant! Gamlevegen blei opna for 125 år sidan. Dengang klassifisert som ridevei i 2 til 3 alens breidde! Denne vegen var det vi fann restar av. Heldigvis at nokre vegstubbar unnslapp rasering då nyevegen kom på 50/60-talet. Eg vil inderleg håpe dei no får ligge trygt ’til evig tid’….
No er dei bunde saman til ein samanhengande trasé…. i og med Pilegrimsleden!
[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Endel Almuesmænd i Tjugum Sokn hadde søkt om ‘å verta fri arbeidsplikt på vegen mellom Quambsøe og Balholmen for den luten som låg i Vik prestegjeld. Dei fekk fritak og for ei tid var vegen mellom Flesje og Engene (Engum) ‘nedlagt’. Men folk i Kvamsøy ynskte denne vegen bygd og i 1867 sende dei eit skriv til Amtet om å få opparbeidt ein 2 à 3 alens Ridevei frå Flesje til Lånefjorden. Veiinspektøren hadde kostnadsrekna ein slik veg til 621 spesiedaler og 90 skilling!… forutan naturalarbeid og fri grunn!…..[/toggle]
Gerd Jordanger, fødd i 1937, vaks opp i Kvamsøy. Ho fortel: ‘Eg hugsar at han Aodn Ola Målsnes kom køyrande til skulen med son sin, han Arvid, med hest og slede ein gong. Det var vinteren 1944/45 at det hadde kome omlag 1/2 meter snø ein morgon. Då gjekk Arvid og eg i første klasse. Arvid var åleine elev frå Målsnes i minste klassen, (det var to-delt skule den gongen). Det var tungt å gå den lange vegen i så djup snø for eit barn. Så Ola ‘brøytte’ vegen, og snøen låg lenge den gongen, så det vart lett å gå for alle som ferdast der. Folk gjekk til Livdi for å handla og henta post. Skulle dei handla sekker; mjøl, sukker og salt, så rodde dei ut.’….
Det er ei stor glede for oss som har arbeidd med Pilegrimsvandring i Balestrand, å kunne ønske velkomen til den aller første vandringa; Olsok 2014. Det blir ein historisk dag og ein jubeldag som vi håpar at du og mange med deg vil ta del i!
28. juli: Ankomst utover dagen Klokka 1800: Festleg samver på Kviknes med ein liten konsert og informasjon
29. juli
Buss frå Holmen 10oo- 1200
Pilegrimsvandring til Kvamsøy Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje Avduking av ‘skulpturen ‘Børtreet’ og signing av Børtrehuset
30. juli Pilegrimsvandring til Tjuatoten Alt. opplegg for dei som ynskjer ei mindre utfordrande løype
31.juli: Avreise
Du står sjølvsagt fritt om du berre vil vere med på Kvamsøyvandringa.
Praktiske opplysningar i høve innkvartering:
Balestrand har mange overnattingsstader. Du kan velje hotell,
campingplass med eller utan hytte
Nedanfor finn du eit oversyn over dei ymse alternativ:
Link til www.sjotun.com
Sjøtun camping er i gangavstand frå kai/ busshaldeplass, ca 1 km frå sentrum
Link til www.booking.com/Dragsvik–Fjordhotel Dragsvik Fjordhotell ligg vakkert til ved innløpet til Fjærlandsfjorden,
ved ferjekaien, 8 km frå Balestrand sentrum
Link til www.booking.com/Midtnes–Hotel Midtnes eer eit tradisjonsrikt, familiedrive hotell, 3 min. gange frå sentrum.
Midtnes hotell har gjeve dette spesialtilbodet til pilegrimar:
[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Prisar gjevne pr. person
Overnatting i dobbeltrom 2 netter
Inkl. frokost og lunchpakke……………….NKr 1050,-
Tillegg for balkongrom……………………. NKr 200,-
Overnatting i dobbeltrom 3 netter
Inkl. frokost og lunchpakke………………. NKr 1550,-
Tillegg for balkongrom …………………… NKr 300,-
Enkeltromstillegg pr. natt ………………… NKr 200,-
Middag kan bestillast i resepsjonen om ynskjeleg
Pris kr. 295,- pr pers. Serverast kl. 1900[/toggle]
Link til www.kviknes.no/ Kviknes rer av dei ærverdige De historiske hotel
og ligg vakkert til ved sjøkanten i Balestrand sentrum. Ta kontakt og du vil få eit Pilegrimstilbod.
LUNSJPAKKE I KVAMSØY: KR 100
BUSS HOLMEN (SENTRUM) – SAURDALSVEGEN: KR 30
BÅTSKYSS OVER SUNDET TIL KVAMSØYNA: KR 30
BÅT ATTENDE TIL HOLMEN: KR 200
PÅMELDING innan 10. juli Pilegrimsvandring Balestrand Bjørg Frøisok Bjøberg Fjærestad 44 6899 Balestrand Mob.: 915 62 842 e-mail: bjoergfb@online.no
Hjarteleg helsing Bjørg og Arthursom for høvet poserer inne i Tusenårseika… ein av stoggestadene ved Pilegrimsleia.
Sherpaer hadde vore det store! Deler av stien har vore utfordrande; den einaste moglege traseen har vore for bratt! Korleis skal vi kome oss opp? Eg tenkte ….. hadde lese om sherpaer i Luster; enn om vi kunne fått dei hit! Eg tenkte høgt, og Jørgen hadde eit lite smil om munnen….sa ikkje noko…. Neste gong vi gjekk ein tur i stien, ja, så fekk vi ro, som i songen; for d e r var det kome ei steintrapp… og ei til! Ja, den Jørgen, du! No også som sherpa! Er det nokon sak? Her har vi fire staute karar, Jørgen, Arthur, Erik og Ingvar, som på kvar sin vis gjer ein utruleg innsats for STIEN… Dei sagar og ryddar og finn gode snuingar på stien, slik at han skal bli god å trø, så ikkje forten skal vakle……
Indre styrke Om du har is i magen brann i hjartet vakent auge og kvasst syn om du i tillegg har klår hjerne og talefør tunge Og om du unner deg ro for tanken Då kan du flytte fjell
Ved kvart storarbeid må ein starte i det små Skal du klatre i ein stige må du alltid først det første trinnet gå
Klikk på ‘Open me’ så får du programmet for Olsokvandringa i Balestrand…
Dagen rann og sola sende sine kaskadar av stråleskudd over fjorden…
Frokosten var ikkje heilt fortært og tekoppen var ikkje for vel tømt….. ‘Kanskje vi skal ta oss ein tur ut til stien?’ …..Arthur, som likar å planleggje… som den mest selvfølgelege sak av verda: ‘Ja, vi kjører med ein gong!’…som om vi begge hadde tenkt det same på same tid….
Det såg usikkert ut, med dette véret,men sola kom, ho, idet vi runda Målsnes,og ho var med oss i marka ved »Gamlevegen’.Utfordringa som stod att for stifinnarane,var å finne traseen for å binde samanden siste stubben av Galmevegenmed stien som allereie fanst gjennom skogen ovanfor.Ikkje lange biten, men det såg intrikat ut.Store steinar, svaberg ogden største høgdeforskjellenpå heile strekningen….
Vi blei meir og meir overvelda etter kvart som vi fann dei raude merkebanda… oppetter små glenner i svaberga, mellom steinar på mjuk barnålgrunn, innimellom trestammer og jamsi’es med ein liten surlebekk…. Nokre stader hadde større tre måtta vike; det var einaste leia. Men du kor fint! Stubbane som står att blir trappetrin i stien!
Pilegrimsvandring Balestrand… ei oppleving for livet!
…dei fekk ikkje følgje av fleire…varmt i véret… No var dagen og tida for rekognosering og litt meditasjon på pilegrimsleden! Dei har rydda og fundert på kor det er best å leggje stien….. Eg trur Ingvar og Arthur var spente på å vise meg arbeidet dei hadde gjort….. DET BLIR BRA!… Stien snor seg forbi steinar, kryp oppetter lyngkledde bakkehell, og buktar seg kring eldgamle malmfuruer og styvingstre som ikkje har vore stuva på mange dei år! Så klyv han litt oppetter runde steinheller dekte av mose og lav…ein og annan bautastein gjev tankar om dei som bygde og budde og gjekk under dei same trekronene og såg utover den same fjorden. Ein liten surlebekk laga akkompagnement til tankane mine… eg måtte berre småsyngje litt inni meg… nett hatt feiring av Grunnloven i kyrkja og Songlaget deltok med Gamle Norig.. nørdst i grendom er vårt eiget ættarland… ved tanken vert eg høgtidssam og ærbødig overfor den vakre naturen vi får vere pilegrimar inne i…
Somme steinar er merkesteinar som fortel om garden si soge Somme steinar er muresteinar høvande til steingjerder kring ein åker Andre steinar ligg i bekken og har fått runde former etter kjælen leik med vatnet Så har vi dei gamle stabbesteinane som blondekantar langs vegen Så har du steinen du ikkje kan beskrive han er høg eller låg knudrete eller glatt avrunda eller flat og du kan ikkje ta i miss når du ser han Han er kvilesteinen til nistepakke og meditasjon ::::::
Merkesteinar har ein heilt spesielt definert funksjon (nedst på sida:’open me’). I denne samanhengen legger vi eit meir symbolsk innhald… ein stein som står for ei anna tid, å overskride ei grense i ditt eige sinn ….. ein overgang til ein annan sinnstilstand. Å gje seg ut på ein pilegrimssti…du går for rekreasjon, naturoppleving, finne deg sjølv, finne di eiga stemme, finne din plass i tilveret…. Vi har så mange grunnar for å gå… Vårt ønske er at alle som går, får ei oppleving av spesiell verdi.
Fortida talar til oss med mange stemmer Lytt! Minne frå vår eiga fortid gjer oss glade triste eller vemodige Av fortida skapar vi framtida i dag …
Rammeprogram for Olsokvandringa i Balestrand 28. juli: Du kjem til Balestrand og vi invitere til ei samkome med informasjon, film og musikkinnslag. Kaffe/ te/ noko å bite ti 29. juli: Pilegrimsvandring til Kvamsøy Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy middelalderkyrkje Avduking av skulpturen ‘Børtreet’ og signing av Børtrehuset 30. juli: Pilegerimsvandring til Tjuatoten Samlingsstund ved steinkrossen på topplatået 1098 moh Denne turen er for deg som likar å bryne deg på utfordrande terreng. Vi vil arrangere alternativ oppleving for deg som ikkje vil utfordre høgdene.
[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Merkestein er en stein som ligger i eiendomsgrensen, og viser hvor grensen går. Navnet kommer av eldre ord for markskille, dvs. grenser i marka.
Ofte er steinene lagt som siktstrekninger, og i hjørner av grensen. Helt fra de eldste norske lovene har vi strenge forbud og straffer mot å flytte merkesteiner uten at eieren ga lov til det.Merkesteiner kan ha en særegen form, og/eller ha figurmerker formet av streker malt på og/eller hogd inn i steinene. I nyere tid kan det være bolter satt i stein for å markere et målepunkt som er angitt i et målebrev for eiendommen.Merkesteiner er ofte særskilt omtalt og listet opp i eldre grensebeskrivelser for eiendommer i forbindelse med deling og utskilling av eiendommer fra et hovedbøle.[/toggle]
Barndommens furumoer forbinder eg med mystikk. Det var tidleg haust og laurdag. Vi laga niste og termos med kakao. Mamma hadde kaffi og den lukta godt men smakte forferdeleg. Det såg ikkje ut til å vere så mykje bær. Det såg heller tynt ut. Men sette eg meg ned og letta litt på lyngen, fann eg klase på klase med store mørkeraude, glinsande tyttebær. Fargespelet mellom bær og lyng og furustammer er med i nistepakka eg fekk med meg …. til å nyte i resten av livet. For ein skatt! Og for ein herleg kveld med Trollkrem til Barnetimen klokka seks.
Ei god stund er tida du nytta vel Tida du brukte til å tenkje Til å setje ord til tankane i venelag eller aleine tankar om livet levd liv og livet i morgon Ta deg tid til gode stunder
Livskunne
Kunsten er å stille dei viktige spørsmål i livet og godta at ikkje alle spørsmål har svar
I undringog forventning legg vi ut på vandring Tankar blit til medan vi går I kvart steg ligg store mysterier løynde Målet er ny undring ved ny vandring
Skogen ved Pilegrimsstien gjev deg opplevingar du vil hugse! Ulike treslag, skogbotnen varierer frå steinut lende….mjuke moseteppe og plantefattig tørre barnålebotn frå mange år…. Skogen vil kanhende vere mest kjend for eikeskog og furuskog av heilt spesielt merke… Kom og sjå og opplev mysteriet ved å v e r e … og kjenne einskap med naturens mange mysterier….
Første Pilegrimsvandring Balestrand: Olsokdag 29. juli 2014
Set av datoane 28.-31. juli så får du med deg heile arrangementet Meir informasjon kjem etter kvart.
Følg med på heimesida! Kvar ny ‘pilegrimsnytt’ vert kunngjort gjennom link til Facebook: Bjørg Frøisok Bjøberg. Gje meg eit lite vink om du ynskjer direkte oppdatering. Tlf.: 91562842 e-post: bjoergfb@online.no ..Vi kan også bli vener på facebook…
[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]I geometrien lærte vi om trekantar og firkantar, kuleform og kjegleform. Desse var enkle å finne ut av. Så var det den meir avanserte formen: mangekantar, dei var ikkje greie!…. I nåleskogen har vi gran og furu. Grana er den enkle. Men furua derimot… berre høyr dette sitatet: ‘Inntil førti meter høy nåletre; kronen til å begynne med kjegleformet med kransstilte grener, senere mangeformet; i lavlandet blir kronen avrundet, uregelmessig og med grove grener…’ Furua er interessant og spennande! Ho går ikkje etter faste reglar for vekst! Ho snor seg og snur seg etter ver og veksttilhøve. Og så duftar det så godt i furuskogen Det vanligste byggematerialet for norske stavkirker var furu. Til grunnkonstruksjonen i stavkirkene benyttet man malmfuru som har hatt sein (tett) vekst og derfor har stor malmandel (andelkjerneved). Slike furutrær fantes først og fremst i høyereliggende strøk. Malmfuru er naturlig impregnert og meget varig, selv på værutsatte steder. Slikt trevirke ble derfor foretrukket til utsatte deler som staver, sviller, takspon og veggplanker (tiler).[/toggle]
28. juli: Ankomst utover dagen Om kvelden: Festleg samver med konsert, film og informasjon
29. juli Pilegrimsvandring til Kvamsøy Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje Avduking av ‘skulpturen ‘Børtreet’…signing av Børtrehuset
30. juli Pilegrimsvandring til Tjuatoten Alt opplegg for dei som ynskjer ei mindre utfordrande løype
31.juli: Avreise
Kvamsøy er den minste øya i Noreg med ei kyrkje Ho er datert til 1280 og er unik i sitt slag Det nakne interiøret set den særeigne stemningen
Tusenårseika på Målsnes ligg ved vandringsstien mot Kvamsøy Under trekruna høver det med ei samling til meditasjon refleksjon og ettertanke
Tjuatoten 1089 m med eit utsyn som til sju ‘kongerike’ er målet for andredags pilegrimsvandring Steinkrossen på topp-platået gjev vandraren løn for innsatsen og tunge tak i motbakkar
Ynskjer du meir informasjon eller å melde din interesse, konakt med på e-mail: bjoergfb@online.no eller pr. post: Pilegrimsvandring Balestrand, Bjørg F. Bjøberg, Fjærestad 44, 6899 Balestrand eller rett og slett ringje meg på mob.: 915 62 842 Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Overnatting: Balestrand har fleire alternative overnattingsplassar, og i neste ‘Pilegrimsnytt’ vil vi kome med informasjon og linkar