…..den himmel blå….
Min yndlingsjulesang? Alle er dei kjære, på ein eller annan måte. ‘Jeg er så glad hver julekveld’ var den første julelærdomen. Det gjekk nokre år før ‘Eg er så glad kvar jolekveld’ kunne syngjast med like stor glede…. den nynorske versjonen er ikkje den same songen, men einskilde vers er vakrare! ‘Nu bor han høyt i himmerik’ kunne gjerne skiftast ut med det mjukare: ‘No bur han i sin himmelheim’………Å synge ‘Glade jul’ i gang kring treet har alltid vore ei utfordring: første vers var greitt, men så stokka versa seg…Når kom englane til hyrdingane og når song englane om barnet så smukt’? ……’O, jul med din glede’ var favoritten med bukking og neiing og rekke kvarandre hendene i tredje; då var det fest!
‘Det lyser i stille grender’….eg våga ikkje si det høgt, av frykt for at dei andre songane skulle føle seg mindre verdfulle… men den blei spesiell. No forstår eg grunnen; Jakob Sande sjølv hadde ikkje noko forhold til dette diktet som er datert 1931. Han hadde glømt ‘Julekveld’. Då Lars Søraas i 1948 tok kontakt med han og bad om løyve til å tonesetje det… …då vart diktet levande! Melodien smelta saman med orda, og slik blei det ein julesang som heile Norge har har teke til sine hjarte.
Slik kunne eg halde fram med dei alle…..julesongane; dei fortel ein bodskap, e i n gjev minne frå ei spesiell tid i livet, ein annan har så vakker melodi, ein har særleg vakre ord. ….men for å trekkje fram e i n spesiell: Når eg sit ved sjukesenga til mi kjære mor på 87, er ho klar på kva for ein ho likar best. Som eit minne om henne blei den vesle akvarellen ‘Deilig er den himmel…’ til. Nokre dagar seinare fekk mor fylgje med ‘dei gylne stjerner’ frå jorden opp……
Livet i gåve
uansett kor mange dagar
mitt liv får
eitt ynskje har eg
at eg får leve
eit fullt liv
kvar dag
……