Tankestrøk ved djupner og bratte kneiker – i fjellet eller i livet
Du tar i på eit nytt prosjekt
du er vel i gang
trur du kjapt skal bli ferdig
så kjem veggen snikande
først som eit skjermbrett
så kjem den av betong
ugjennomtrengeleg
motøysa tek deg
du baskar i skor
du klyv opp bratte sva
spenner foten godt fast
i ei lita revne i berget
kreker deg opp på ei lita hylle
ser ned og ser stegi du har gått
…nokre er meir enn ingen…
for kvar liten avsats
er du nokre steg nærare toppen
og du bit deg fast
i steinar og deg sjølv
seier halvhøgt inni deg
eg skal
eg vil…
endeleg etter sveitte og tårer
og tunge tak
meir veit enn føler….
Eg greier det!